Ope informasjonsmøte om Sentrumsplanen for Florø

Torsdag 18. februar kl. 18:00 til 21:00, Flora samfunnshus

Program for kvelden:

1. Innleiing, – kvar er vi i planprosessen.

2. Presentasjon av sosiokulturell stadanalyse.

3. Pause med kaffi og noe smågodt.

4. Arbeidet med sentrumsplanen

Mål for planarbeidet.

Kva tema skal planen innehalde.

Geografisk avgrensing.

Framdrift.

Medverknad, – korleis vere med på å påverke planen.

Føremålet med møtet er todelt. Det eine er å informere om planarbeidet, slik at det blir enklast mogleg å delta i arbeidet, og vere med å påverke innhaldet i planen. Det andre er å presentere resultata frå det omfattande arbeidet som er gjort i samband med den sosiokulturelle stadanalysen. Her er det mange som har medverka, og det vil bli spennande å få resultata presentert. Denne analysen vil vere eit viktig grunnlag for det vidare planarbeidet.

Det vil bli god gode høve til å stille spørsmål og komme med innspel.

Rolf Bjarne Sund
Prosjektleiar Sentrumsplan Florø

Var du med?

Logg inn for å velje di deltaking!

Ein tilrådde Person_gray

Kvar skjer det?